I desse dagar, med stor diskusjon om rusreform, kan det vera på sin plass med nokre fakta om verknadane av til dømes marihuana. Ein studie frå Washington State University såg på kor fort kroppen vender seg til marihuana. Dei fann ut at kvinner venjer seg til cannabis mykje raskare enn menn. Studien vart gjort på rotter, som har ein menstruasjonssyklus der hormonnivåa går opp og ned veldig likt det som skjer for menneske. Forskarane fann ut at kvinner, når dei har eggløysing, er meir sensitive for THC som er det viktigaste virkestoffet i cannabis. Difor justerte dei dosen ned i høve til dette. Likevel, etter ti dagar hadde horottene bygt ei høgare tilvenjing til narkotikaen enn hanrottene. Med andre ord etter vel ei veke kan dei mest marihuanasensitive damene gå forbi mennene.

Frå National Institute of Drug Abuse (NIDA) i USA har vi desse fakta:

Marihuana har både korttids- og langtidseffektar på hjernen. TCH har effekt på fleire stader i hjernen.

Ein studie delvis frå Duke University syner at folk som byrja med mykje røyking av marihuana i tenåra og heldt på med dette mista i gjennomsnitt  8 poeng i IQ mellom 13 og 38 år.

Korttidseffektar

Når ein person røykjer marihuana, passerer THC fort frå lungene inn i blodstraumen. Blodet ber med seg kjemikaliet til hjernen og andre organ i kroppen. Kroppen tek opp THC seinare om ein et eller drikk stoffet. I så tilfelle tek det ein halv til ein time før ein kjenner verknad av det. THC som er dette sterkaste virkestoffet i marihuana, verkar særs på mottakarane i hjernecellene som vanlegvis blir påverka av naturlege THC liknande kjemikaliar. Desse naturlege kjemikalia spelar ein rolle i normal funksjon og utvikling av hjernen. Marihuana gjer at dei delane av hjernen som har flest av desse reseptorane, blir overaktivert. Dette fører til at dei som har innteke stoffet, kjenner seg «høge». Andre effektar inkluderer:

  • forandring i sansane, fargar ser klarare ut
  • forandring i oppfatning av tid
  • forandring i kjenslelivet
  • dårleg kontroll på kroppsrørsler
  • problem med å tenkje og å løyse problem
  • trøbbel med minnet
  • hallusinering (når ein tek store doser)
  • vrangførestillingar (når ein tek store doser)
  • psykosar (høgast risk for det ved jamleg inntak av høgt potent marihuana)

Langtidseffektar

Marihuana påverkar også utviklinga av hjernen. Når tenåringar byrjar å bruke marihuana, kan narkotikaen påverke minnet, tenking og læringsfunksjonar. Det påverkar korleis hjernen byggjer sameining mellom dei områda som er naudsynte for desse funksjonane. Forskarane jobbar framleis med kor lenge marihuana verkar på dette, og somme forandringar blir varige.

Eit døme på forsking på dette har vi frå New Zealand. Ein studie delvis frå Duke University syner at folk som byrja med mykje røyking av marihuana i tenåra og heldt på med dette mista i gjennomsnitt  8 poeng i IQ mellom 13 og 38 år. Tapet av mental styrke kom ikkje fullt ut attende hos dei som kutta ut stoffet som vaksne. Dei som byrja med marihuana som vaksne hadde ikkje det same tapet av IQ.

I ein fersk tvillingstudie synte marihuanabrukerar ein tydeleg  svekking av generell kunnskap og evne til å ordleggje seg. Dette utgjer 4 IQ poeng mellom tidleg tenår og ung vaksen. Ingen tydeleg skilnad viste mellom tvillingar om den eine brukte marihuana og den andre ikkje. Dette syner at anna enn marihuana, som familiefaktorar, genetikk og omgjevnader spelar inn her. NIDA i USA har gåande ein langtidsstudie på ungdom i stor skala for å finne ut korleis marihuana og andre stoff verkar på dei frå tidlege tenår til tidleg vaksen. Dei leitar etter verknader på hjernen.

Sommer og sol – best uten alkohol

Sommer og sol – best uten alkohol

Velkommen til sommerens viktigste budskap! Hvite Bånd oppfordrer til en trygg, inkluderende og minnerik sommer – helt uten alkohol. Når vi velger alkoholfritt, skaper vi rom for nærvær, trygghet og ekte fellesskap. Bli med å spre vårt budskap "Sommer og sol, best uten...

Ta vare på helsen din

Ta vare på helsen din

Gode vaner gir bedre helse Helsen vår formes av mange faktorer – noen kan vi ikke påvirke, som alder og arv, mens andre ligger i våre egne hender. Livsstil spiller en avgjørende rolle for hvordan vi har det, både fysisk og mentalt. I takt med at sykdommer som demens,...

Kroppens egne «lykkehormoner»

Kroppens egne «lykkehormoner»

Naturlig høy: Oppnå lykkehormoner uten rusmidler I en verden hvor stress og press kan føles overveldende, er det lett å forstå hvorfor noen søker til rusmidler for å oppnå en følelse av lykke og velvære. Men visste du at kroppen din har en fantastisk evne til å...

Sober Norge – Et felleskap for rusfrie aktiviteter

Sober Norge – Et felleskap for rusfrie aktiviteter

I hjertet av Oslo finner vi Sober Norge, en organisasjon dedikert til å fremme rusfrie sosiale aktiviteter. For mange kan det være utfordrende å finne et fellesskap hvor man kan delta i morsomme og meningsfulle aktiviteter uten presset om å drikke alkohol. Sober Norge...