Alkohol er det psykoaktive stoffet som er mest brukt i verda. Ca. 2 milliardar menneske bruker det i løpet av eit år. Ifølge WHO er alkohol ein årsaksfaktor i meir enn 200 sjukdoms og skadeslag. Inkludert i dette er avvikande mental helse og dårleg oppførsel. Slik som avvikande oppførsel, depresjon og angst. I USA er det slik at 14, 5 millionar vaksne menneske har avvikande oppførsel pga. alkoholbruk. Det er det same som 5,8 % av folket i statane. Dette ifølge nasjonal undersøking av rusbruk i 2019. Alkohol kan innverke på hjernen på mange måtar alt etter kor mykje og kor ofte ein drikk. Her er nokre måter alkohol verkar på hjernen:
1. Det har innverknad på tankeverksemda. Det går ut over evne til å tenkje klart, ta gode avgjersler og utføre oppgåver som treng konsentrasjon og koordinering.
2. Alkolbruk går ut over arbeidet til neurotransmitterane. Det påverkar nivå av slike i hjernen. Mellom dei er dopamin, GABA og serotinin. Dette kan ha innverknad på humør, oppførsel og motivasjon.
3. Det fører til tap av minne. Mykje drikking over lengre tid fører til minnetap sidan det påverkar hippocampus, det området i hjernen som har ansvar for minnet.
4. Det kan føre til avhengigheit. Regelmessig stordrikking kan føre til avhengigheit fordi hjernen blir avhengig av dei kjemiske forandringane alkohol produserer.
5. Det blir årsak til forandring i hjernestrukturen. Kronisk alkoholmisbruk fører minking av hjernevevet og utviding av hjernehola.
6. Det kan føre til humørsvingingar. Stordrikking kan føre til humørfall slik som depresjon og angst fordi det påverkar balansen i neurotransmitterane i hjernen.
Alkoholbruk kan ha større innverknad på utviklinga av hjernen hos ungdom enn hos vaksne. Dette har samanheng med at hjernen blir sterkt forandra i ungdomstida
Her er nokre fakta og statistikkar som handlar om korleis alkohol verkar på ein ungdom sin hjerne.
1. Ungdom har auka risiko for ulike skader om dei drikk for mykje. Dette inkluderer dårleg oppførsel, bilulykker og skader. Dette ifølge senter for sjukdomskontroll og førebygging.
2. Ifølge nasjonalt institutt for alkoholmisbruk og alkoholisme har ungdom som startar å drikke før fylte 15 år fem gonger så stor risiko for å utvikle avvikande åtferd som følge av misbruket som dei som ventar med å drikke til fylte 21 år.
3. Ungdom som drikk mykje har auka risiko for dårleg tenkjeevne, dårleg minne og reduserte høve til å gjera det godt på skulen. Dette ifølge amerikansk psykologi-foreining.
4. Alkohol har innverknad på hjernen som er i utvikling på fleire ulike måter. Dette inkluderer dårleg utvikling av hjernen, innverknad på neurotransmitterane og forandring på hjernestrukturen og funksjonen av den.
Skrevet av Torgunn Søyland Skoglund